Gloppen prestebustad, Vereide
Prestebustaden på Vereide i Gloppen kommune ligg omkring 200 meter nordaust for Vereide kyrkje og heitte frå gamalt av Indre Vereide prestegard. Den har vore kjend som den aller største prestebustaden i bispedømet, både når det gjeld areal og avlingar. På garden Vereide blei hovudhuset oppført i 1782, noke toppstykket på hovuddøra vitnar om. Bustaden blei restaurert i 1839 og 1904, og har vorte oppgradert foran presteskifter og ved utleige.
Prestegardstunet viser eit verdifullt bygnadsmiljø. Plassen har vore eit knutepunkt og ein geisteleg samlingsplass gjennom fleire generasjonar. Dei mange bygningane fortel sin eigen historie og er teke vare på. I 2014 blei andehuset restaurert av OVF/ Allstad og i prestenaustet blei satt i stand i 2018. I 2017 vart eit stort rehabiliteringsprosjekt ferdig for hovudbygninga, som innebar ny isolasjon, nye vindauge, jordvarme og drenering rundt huset. Det blei også installert nytt kjøkken, bad vaskerom og gang.
Freda av Riksantikvaren i 1991:
- Hovedbygning frå 1782
- Eldhuset er eit lite tømmerhus, men har ukjend alder.
- Kvernhuset frå 1700-talet.
- Andehuset frå 1700-talet har tidligare vore kvernhus, og har vorte flytta frå ein foss.
- Røykhuset er ei lita bygning som har ukjend alder.
- Jordkjellaren blei nybygd i 1852.
- Lysthuset er eit firkanta lite hus som er karakteristisk for tiåret etter 1900. I tillegg er det spor attende etter ein barokkhage.