Kvam prestebustad, Vikøy
Noen kilometer sør for Norheimsund ligger Vikøy og den freda Kvam prestegard. Vikøy prestegard har vore i stadig utvikling og er blant landets eldste prestegarder. Den har ikkje det typiske embetsmannspreget, men representerer mer at bygningane er bygd etter lokalt byggeskikkmiljø, hvor klyngetunet var det vanlege.
Dei utgjer eit helhetleg kulturminne. Hovudhuset er samansett av tre bygningar, og mellom dei tre bygningane er det tverrgåande gonger. Stovebygninga har open sval etter nordsida. Sett frå aust utgjer fasaden; kontorbygning, tidlegare herresal, stovebygning, tidlegare røykstove og kjøkken, tidlegare skorsteinsstove.
I 1870-80 blei daglegstove og herresal lagt under felles tak. Den eldste midtbygninga er frå 1612, medan kontorbygninga er frå 1812-15. Den kjende målaren Adolph Tidemand kan ha vore inspirert til å måle "Haugianere" i borgstua. Denne stova er i dag eigd av kommunen.
Vikøy er nemnd som prestegard på 1300-talet, saman med ei stavkyrkje. Tunet på Vikøy prestegard ligg på ei rekkje med freda bygningar på eit svaberg,- som strekkjer seg ned til fjorden der nausta og ligg på rekkje. Prestegardsnaustet i den freda naustrekje fortel at sjøvegen var ferdselsåra for presten i gamal tid.
Freda
Tilsaman vert 7 bygningar freda av Riksantikvaren i 1991. Husa ligg i to rekker på kvar side av eit svaberg.
- Hovedbygninga frå 1612
- Selmerhuset frå 1697 ligg rett over hovudhuset, og fikk si noværende form då sogneprest Selmer virka.
- To stabbur frå slutten av 1700-talet
- Vedskjol frå slutten av 1700-talet
- Vognskjul frå slutten av 1700-talet
- Naust som er udatert
- Borgstua frå 1815, som kommunen eig