Skog og utmark

Allstad er ein stor skogeigar. Dette har grunnlag i prestegardane og skogane som høyrer til dei. Skogane skal gi sikker og langsiktig avkasting

Viktig å vege interesser

Mange av eigedomane ligg nær bygdesenter, ofte med relativt sett mykje høgproduktiv mark. Dette gir eit godt utgangspunkt for skogproduksjon, og samstundes interesse for omdisponering av areal til utbygging av ymse slag.

Denne lokaliseringa betyr at det ofte kan vere særskilt viktig å vege interessane til det tradisjonelle skogbruket opp mot andre brukarinteresser eller former for utnytting. Selskapet har eigne skogforvaltarar med lokalkunnskap over områda til Allstad.

Berekraftig skogbruk

Skogane til Allstad blir drivne miljøvenleg og berekraftig, med god skogskjøtsel og tilpassa infrastruktur. Det har høg prioritet å bevare biologisk mangfald, noko som blir gjennomført ved å drive aktivitetane innafor dei rammene som blir sett både i gjeldande regelverk og i Norsk PEFC skogstandard for eit berekraftig skogbruk. Allstad har 10 lokale skogforvaltarar spredt over heile landet.
 

Arbeidet for å redusere negative effektar på miljøet blir kvalitetssikra gjennom miljøsertifikat basert på standardane ISO 14001. Særskilte miljøverdiar i skogane til selskapet skal bli registrert og sikra. Slike registreringar er gjennomført for mykje av arealet, anten som nøkkelbiotopregistreringar eller som MiS-registreringar (Miljø i Skog) i ferskvatn. Kring 12-13% av eigedomane er verna i form av naturreservat, nasjonalparkar, landskapsvernområde, nøkkelbiotopar m.v.

Hytter og stølar, jakt og fiske

Allstad leiger ut jakt- og fiskerettar i selskapet sine skog- og utmarkseigedommar. Det gjeld både storviltjakt, småviltjakt, laksefiske og anna fiske i ferskvatn. I tillegg har Allstad om lag 70 koier og hytter for utleige. Dei aller fleste på åremål.

Allstad leiger også ut støls- og seterhus som en del av forvaltningen. Til sammen dreier det seg om 10-15 utleieobjekter. De fleste er i dag utleid på åremål.

Kring 90 rettar til jakt, fiske og hytter er utleigd til lokale jeger- og fiskerforeiningar, grunneigarlag eller tilsvarande.

Tømmer på velteplassen og skogsjefen i Allstad på befaring