Måleri på avvegar, funne i Trøndelag

Mellom vasar, tallerkenar og nips, på ein bruktmarknad i Trøndelag, fann Marit Sommervold eit måleri. Motivet var eit hus i klassisk, norsk natur, men det var det som stod på baksida som verkeleg vekka interessa.
Publisert 17.09.2025
Knut og Marit Sommervold med måleriet og ein kopi av brevet som framleis heng på baksida av måleriet.

Eg fann, eg fann!

På Byneset i Trøndelag bur Marit og Knut Sommervold. Frå balkongen har dei utsikt over båttrafikken på Trondheimsfjorden. På tunet står ein bubil, i hagen eit drivhus og ein liten køyretur unna har dei sjark som vert nytta for å kunne fylle frysarane med fisk – til glede for heile storfamilien. Men i blant går Marit på jakt. Då får tomatar, bubil og fisk vente medan bruktmarknadar vert tråla etter skjulte skattar. Slik var det at Marit ein dag kom over eit måleri. Ein ivrig seljar på bruktbutikken meinte at dette måleriet, det burde bli med til Byneset, og slik vart det.

 

Måleriet av gamle Lærdal prestegard.

Prestefrua sitt ønskje

Det var eit heller beskjedent lågmælt på fleire vis. Ikkje særleg stort, og eit klassisk motiv – eit hus mellom tre og fjell. Men då Marit såg på baksida av måleriet kom overraskinga. Her var det festa eit brev, skrive med sirleg handskrift og datert 28. juni, 1919. 

«Laerdals gamle 300årige prestegaard, tegnet af sognepræst til garnisonsmenighed i Kristiania, Bøyesen, malet af maleren Ekersberg. Skænket af enke efter sognepræst Christoffer Heiberg, Kathinka Heiberg født Schultz, der önsker det for altid blir paa præstegaarden. Kristiania 28/6 1919, Kathinka Heiberg.»

 

Det er Allstad som eig Lærdal prestegard på Tønjum. Men våningshuset som står der i dag vart reist i 1826. Dersom det vart reist på tuftene etter det førige huset, må Bøyesen ha teikna motivet før 1826, og altså før han sjølv var 22 år gamal. August Frederik Bøyesen vart utnemnt til prest i Garnisonsmenigheita i Kristiania i 1849. Vi veit at han hadde ei kunstnarisk åre, då han skal ha laga eit tidleg portrett av Camilla Collett. 

Vidare skriv enkjefrua at biletet vart mål av Ekersberg. Her må vi gjette at ho viser til kunstmålaren Johan Frederik Eckersberg. Dette måleriet vil då vera eit tidleg og ganske utypisk verk, men samstundes ikkje heilt ulikt i stil frå måleriet hans av Nydalens Compagnie fra 1949. Me vel å tru at dette er riktig, noko me også har fått høyre frå ekstrne kunstkjennarar.  

På veg heim

Måleriet vart overlevert av Marit Sommervold til Allstad og er no i trygg forvaring hjå kulturminneutviklar i Allstad, Øyvind Sandvold i Oslo. 

– Vi tek det med til Lærdal neste gong vi dreg dit. Eg veit ikkje kvar det kan henge, men enkefru Heiberg ville at gåva skulle høyre til på prestegarden og det skal vi få til, seier Øyvind.

Og med det har me fått fatt i eit fint stykkje kulturhistorie, og samstundes funne nye spørsmål. Stod den gamle prestegarden på same stad som den "nye"? I tilfelle vart det rive omlag samstundes med at målar Eckersberg vart fødd. Og til slutt står me att med eit anna spørsmål: Kven var det som trossa enkjefrua sitt ønskje og fjerna biletet frå prestegarden i Lærdal – og når? Det er mykje me ikkje veit – og kanskje aldri får vite. Men det gjer det berre meir interessant å leite.