No opnar eit nytt skuletilbod på Rauland prestegard

Onsdag denne veka kjem dei første elevane til ei annleis form for undervisning. På timeplanen? Vedkløyving, matauk og gapahuk.
Publisert 13.10.2025

Ein skule er meir enn eit klasserom. Og ein prestegard er meir enn ein stad der presten ein gong budde. På gamle Traaen prestegard i Rauland blir det no praktisk læring midt i Telemarksnaturen.  

– Velkomen til Vinje Skulegard!

Bak dørene i den okergule prestegarden møter vi Mirjam og Ruben Kleppan. Dei tok eit modig val, sa opp jobbane sine i Tønsberg og flytta til Rauland – med siste flyttelass på sjølvaste jonsokaftan.

– No blir det lagt røyr, elektrisk anlegg, det blir måla. Arbeidet går for fullt med å gjere den gamle prestegarden til ein stad for ein annleis skuledag. Her skal elevar frå heile Vinje få eit praktisk retta undervisningstilbod – éin fast dag i veka, gjennom heile skuleåret, seier Ruben.

Forhåndsvisningsbilde for video

Utsikta mot Totak er storslått, og rundt tunet skapar låven, forpaktarstova, stabburet og hovudhuset ein naturleg møteplass.

– Prestegardar har historisk vore viktige samlingspunkt for lokalsamfunn. Det har også vore tilfelle her på Rauland, seier Mirjam.

– Den har vore hjartet i bygda her, legg Ruben til. – Å kunne bidra til å få opp pulsen her igjen, og bidra til auka livsmeistring for alle som kjem inn på tunet her, er både motiverande og meiningsfylt.

Han rosar Allstad for å ville skape meir liv på prestegarden og leggje til rette for ny bruk.

Arven etter prestegarden

Eigedomsselskapet Allstad, som forvaltar prestegardsarven i nær 300 norske kommunar, eig garden.

– "Vern gjennom bruk" er utgangspunktet for mange av gardane våre. Rauland synte seg å vere ein god undervisningsarena, fortel Turid Kolstadløkken, prestegardsdirektør i Allstad.

Prosjektet er eit samarbeid med Skulegardssentralen som starta Abildsø Skulegard i 2006. Så langt er det etablert skulegardar på tre av Allstad sine prestegardar: Hommedal i Grimstad, Solum i Skien og no Rauland i Vinje. I tillegg er Stokke prestegard klargjort for skulegard.

Skulegardssentralen står bak det pedagogiske tilbodet og samarbeidet med kommunen, både under etablering og drift, medan Allstad tilbyr prestegardar og tilpassar ny bruk.

– Mange elevar meistrar ikkje skuledagen og står i fare for å falle ut. Difor er det positivt når kommunar tør å tenkje nytt og leggje undervisninga til heilt andre arenaer, seier Kolstadløkken.

– På Rauland eig og renoverer vi bygningane, og tilpassar garden til ny bruk.

Dei første elevane kjem allereie denne veka. Snart kan Mirjam og Ruben ta i bruk både låven og uteområdet, og flytte inn i den nyoppussa forpaktarbustaden.

Dei rette drivkreftene

Miriam og Ruben Kleppan finn stor glede i å gjere staden fin og funksjonell – klippe gras, måle, rydde og skape eit triveleg miljø.

– Det er givande. Både vi og Allstad ønskjer at det skal vere liv på prestegarden igjen, seier Miriam.

– Vi har vakse opp med at det er naturleg å bidra og hjelpe til. Det gir meining å vere med på noko som kan gjere ein forskjell for andre, fortel ho.

Kva vil dei seie til andre som vurderer å drive skule på gard?

– Om du kjenner at du kunne tenkt deg å gjere noko annleis, og du får ein slik moglegheit – då er det berre å køyre på. For den førespurnaden kjem kanskje ikkje igjen om 14 dagar, eller om eit halvt år. Du får han no – og så går han vidare.

Kva er Skulegard?

Ein Skulegard er eit tilbod innanfor den offentlege skulen, men undervisninga går føre seg på ein gard og er tilpassa moglegheitene der.

Tilbodet er til barn og unge som slit med skulefråvær, låg sjølvkjensle og faglege og/eller sosiale utfordringar.

Ein dag i veka byter dei ut ein vanleg skuledag med undervisning på ein gard – ofte ein prestegard – og kombinerer praktisk læring med sosial trening i trygge og inkluderande omgjevnader.

Forsking viser at skulegardstilbodet har stor betydning for elevar som står i fare for å falle ut av den vanlege skulen. 

Skolegard
Meir om Allstad si skulegardssatsing her
Les mer om Skolegard