Balestrand prestebustad, Tjugum
Det er ikkje heilt klart kor lenge Tjugum har vore kyrkjestad, og når den fyrste prestegarden blei skipa, men Tjugum er nemnt som kyrkjesokn i 1316. Balestrand prestegard er også kjend som Lunde prestegard fordi han ligg på Lunde nær Tjugum i Sogndal kommune. Prestegardstunet ligg i ein skrå bakke rundt 500 meter frå kyrkja. Bustaden blei oppført i sein-empirestil i 1840-åra, men vart i 1892 ombygd til ein villa i sveitsarstil slik motebiletet var på den tida. Plasseringa av kyrkja og prestegarden er eit godt døme på korleis ein i tidlegare tider tenkte på fjorden som ein ferdselssåre. Før i tida var det robåt over fjorden som var ferdselsåra, for strekket frå Balestrand sentrum og over fjorden var berre 450 meter.
Bustaden blei oppført i sein-empirestil i 1840-åra, men vart i 1892 endra til ein villa i sveitsarstil slik motebilde var på den tida.
Om prestegardshagen på Lunde vert det sagt at den er inspirert av prestegardshagen på Leikanger. Prestebustaden har vorte rehabilitert og standarden har auka gjennom tidene, i samband med presteskifter.