Etne prestebustad
Fylke:
Vestland
Adresse:
Stødlevegen 80, 5590 Etne
Prestegarden ligg rett ved elva Etne, som er gardens avgrensing mot nord og litt utafor Etne sentrum og eit stykke sørvest for steinkyrkja Stødle. Bustaden blei reist i 1871 i ei enkel sveitserstil og vart seinare bygd saman med den gamle borgstova frå 1650. Den moderate størrelsen og den harmoniske plasseringa av bygningnane på eit platå er verdifull. Heile anlegget har stor kulturhistorisk verdi og er eit døme på korleis dei mindre embetsgardane frå siste halvdel av førre hundreår såg ut.
Fem freda bygningar på eigedomen
- Hovedbustaden frå 1871 er på ei og ei halv høgde og i plankelaft
- Borgstova er eit tilbygg og skal vera frå 1600-talet
- Eldhus fra før 1870
- Stabbur før 1870
- Ved/vognskjul udatert