Ullensvang prestebustad


Ullensvang prestegard har ei lang og interessant tidslinje. På prestegarden har det budd prester som har engasjert seg i fruktdyrking. Den viktigste pioneren, var sokneprest Niels Hertzberg ( 1759 - 1841) I nyare tid har prestegardens jordvei vore utvikla av einskilde forpaktarar og seinare av dagens leigetakar Norsk Institutt for Bioøkonomi (NIBIO) Dei har viderutvikla og drivi forskning -på gamle og nye fruktsortar. Parsellane i dei bratte bakkane ned til prestegarden og Sørfjorden viser endringa. Desse er i dag kledd av morelltuneller og eple-,plomme-og pæretrær på rekke og rad. Innafor fruktkforskningsmiljøet i Norden har Ullensvang i Lofthus ein posisjon som den fremste aktør.

Et frukteventyr frå Hardanger
I 1949 var det Forsøksstasjonen i Ullensvang som tok over drifta av prestegarden, med eit styre på 4 personar. Det var på slutten av året 500 frukttrær, mest eple, pære og moreller, samt nokre plomme. Det var mange slag, men fleire hadde liten verdi. Forsøkstasjonen tok også over buskapen som inneheldt ; 6 kyr, 2 kalvar, 12 sauer og 4 gimbrar i 1949. I dag er det NIBIO som har teke ansvar for parsellane til prestgarden og den fruktdyrkinga som er her.
Denne rike historia kan ikkje undervurderast.
Prestebustaden
Prestegarden ved Ullensvang kyrkja har ein lang kontinuitet og blei fyrste gong nevnt i 1309. Prestebustaden som står der i dag blei reist i 1866 under sokneprest Hans Irgens. Det er ei lafta tømmerbygning på ein og ein halv etasje, som i 2024 blei overteken av Den norske kyrkja. Planløysinga liknar typeteikningane til prestegardar på landet som arkitekt H. D. F. Linstow og landbruksreformator Jakob Sverdrup utforma. På fasaden mot vest har bygninga ein veranda i glas som er eit nyare tilbygg frå 1900-talet. Dei freda bygningane på tunet viser den lokale byggeskikken og planløysinga på ein embetsmannsgard. Det har gjennom tida vore ein stor og flott hage på prestegarden, og i 1977 vaks framleis ein apeskrekk, eit magnoliatre, og ein kjempestor barlind her.
Freda av Riksantikvaren
- Ullensvang prestebustad frå 1866
- Borgstua frå før 1630
- Stabbur frå ca. 1600
- Naust utdatert
I 1968 kosta Kirkedepartementet peis i midtstova og det vart bygd nytt bad på loftet. I 2019-2020 blei prestegarden ved Sørfjorden totalrenovert av OVF, forløperen til Allstad.