Vinje prestebustad
Fylke:
Telemark
Husnummer:
188
Adresse:
Vinjevegen 1356, 3890 Vinje
Vinje prestegard - Sudigard Vinje - ligg på ei slette sørvest for kyrkja på den andre sida av riksvegen. Prestegarden har opent firkanttun og tre bygningar er freda. Hovudbygninga skal vere reist i 1830-åra på tomta til ein tidlegare prestebustad og nokre materiale frå den revne bygninga skal vera gjenbrukt.
Dei er freda
- Hovudbygningen er ein tømra bygning i to høgder som fekk si noværende form mellom 1830-1847. Den har midtsals grunnplan med eit ganske breitt midtparti. Salen i andre høgda har vore kontor og er bygningshistorisk interessant.
- Drengestue frå 1850. Den lafta og upanelte drengestua har peis i første høgde og loft i andre.
- Stabbur frå før 1850.
Prestegarden har som embets bustad vore ein geistleg møteplass. Gjennom ulike prestar og familier som har budd her, har prestegarden vore eit samlingspunkt hvor kunst- og kulturarv er blitt fremma.
Forpaktarbustaden vert rehabilitert i 2012 og Allstad har oppgradert standaren på bygningen både før og etter presteskifter.