Volda prestebustad, Øyra
Volda prestegard ligg kring ein kilometer sør for Volda kyrkje fra 1932 og nært til sjølve tettstaden. Den tømra hovudbygningen er i to høgder og stod ferdig reist i 1819. Grunnplanen er tradisjonell med midtkammerplan og opphavleg med kjøkken i midtrommet bak gangen. Stabburet er eit breit, lågt stabbur av tradisjonell type for Sunnmøre, antagelig frå 1900. Eldhuset frå 1800-talet er no ombygd til garasje med store dører i vestenden og med hønsehus i østenden.
Historie
Fram til 1758 lå Volda prestegard på andre sida av elva, nord for den noverande prestegarden. Det eigentlege navnet på prestegarden Øyra, kommer nok frå den tida. Då presten Finne slutta tok han sjølv over garden medan den nye presten, truleg sokneprest Morten Meyer bygde ny prestegard på stedet han no ligg. I 1855 blei ein andre etasje bygd til. Prestegarden har ein sentral plassering i Volda og heile tunet er ein god representant for embetsmanns- og borgarskapsmiljø på Vestlandet.
Prestebustaden er i dag utleigd til Volda kommune som driv ein møteplass innanfor rus og psykiatri i bustaden. Det er eit lågterskel tilbud for menneske over 18 år som har, eller har hatt psykiske vanskar.
Fredet av Riksantikvaren
- Våningshuset
- Eldhuset, beg av 1800-talet
- Stabburet