Volda prestebustad, Øyra

Fylke: Møre og Romsdal
Adresse: Prestegata 2, 6100 Volda

Volda prestegard ligg kring ein kilometer sør for Volda kyrkje. Den tømra embetsbustaden i to høgder stod ferdig reist i 1819. Grunnplanen er tradisjonell,- med midtkammer, ein gang med stove på kvar side og kjøkken bakenfor ganga.  Prestegarden har tre freda bygningar. Stabburet er eit breit, lågt stabbur av tradisjonell type for Sunnmøre, antagelig frå 1900. Eldhuset frå 1800-talet er no ombygd til garasje og innheld også hønsehus. 

Prestegarden har ein sentral plassering i Volda og heile tunet er ein god representant for embetsmanns- og borgarskapsmiljø på Vestlandet. 

Fram til 1758 lå Volda prestegard på andre sida av elva, nord for den noverande prestegarden. Det eigentlege navnet på prestegarden Øyra, kommer nok frå den tida.  Då presten Finne slutta tok han sjølv over garden medan den nye presten, truleg sokneprest Morten Meyer bygde ny prestegard på stedet han no ligg rundt 1819. I 1855 blei ein andre etasje bygd på. 

Prestebustaden er i dag utleigd til Volda kommune som driv ein møteplass innanfor rus og psykiatri i bustaden. Det er eit lågterskel tilbud for menneske over 18 år som har, eller har hatt psykiske vanskar. Ein annan bruk av prestegarden og eit godt tilbod    

Fredet av Riksantikvaren 

  • Våningshuset frå 1819
  • Eldhuset, beg av 1800-talet
  • Stabburet  frå 1900-talet