Trekkfullt naust blei Ulvik sin heitaste møteplass
I mange år husa naustet ein båt og nokre kajakkar, men under pandemien oppstod ideen som skulle gi bygget nytt liv.
– Det var under korona at vi var ein gjeng som begynte med heilårsbading på Prestakaien. Etter kvart begynte idéen å svirre om at vi òg burde hatt ei badstove. Det finst mange flytande badstover rundt om no, men vi såg for oss at naustet kunne vere ein heilt perfekt plass, fortel Vigdis Nielsen.
Ho er styreleiar i Prestakaien Laugarlag, som står bak både badeklubben og badstova. Etter å ha kontakta eigaren av naustet, Allstad, fekk dei omsider klarsignal til å byggje sauna. I desember 2024 kunne dei endeleg fyre opp omnen og opne dørene.
Samlingspunkt for heile bygda
Eitt drøyt år seinare kan dei trygt slå fast at prosjektet har vore ein suksess. Kort tid etter opninga vann Laugarlaget Norges Badstulaugs berekraftspris – både for å ta i bruk det gamle naustet og for å attbruke materiale frå eit bygg i bygda som skulle rivast. I 2025 hadde dei 170 betalande medlemmar, i tillegg til ein jamn straum av vitjande frå både inn- og utland. Turistar synest det er eksotisk med den røffe, tradisjonelle ramma, medan lokalbefolkninga har fått ein ny møteplass.
I tillegg til faste badstovedagar fredagar og søndagar, har mange funne vegen hit både på julaftan og nyttårsaftan.
– Det har vore masse aktivitet på kaia og i naustet. Vi har hatt allsong både inne og ute, og arrangert barneteater. I april skal vi dessutan arrangere Hardanger Badstovofestival, fortel Nielsen.
Festivalen vil gi høve til å prøve fleire badstover langs fjorden, samt konsertar og kafebesøk. Mange av arrangementa spring ut frå det spirande miljøet rundt naustet.
– Vi er mange entusiastar som møtest her, men miljøet favnar kulturfolk og fleire generasjonar, seier Nielsen.
Tek vare på kulturmiljøet langs fjorden
– Dette er eit godt døme på vern gjennom bruk, seier Øyvind Sandvold, kulturminneutviklar i Allstad.
Laugarlaget stod sjølve for ombygginga, men med godkjenning frå bygningsseksjonen i Allstad. Bygningsseksjonen støtta særleg forslaget om å byggje badstua som ein boks inne i naustet. Det forenkla søknadsprosessen, i tillegg til at løysinga er reversibel. Blant anna blei ei tidlegare luke teken i bruk som vindauge, slik at fasaden ikkje blei endra.
– Det er svært få naust som har vindauge, så om vi skulle sett inn eit nytt, ville det endra karakteren på naustet, forklarar fagsjef i bygningsseksjonen, Trond Sundby.
Naustet har stått på Prestakaia i ei årrekkje og er Sefrak-registrert, ei oversikt over eldre bygningar i Noreg. Det er ikkje formelt verna, men er likevel ein del av kulturlandskapet langs fjorden. Prosjektet ivaretek difor både den opphavlege bygningen og Riksantikvaren sitt ønskje om å ta vare på kulturmiljøa langs kysten.
Allstad sitt oppdrag er å utvikle og forvalte våre kulturhistoriske eigedommar og skape verdiar for fellesskapet. Naustet, som no er blitt badstove og samlingspunkt i Ulvik, viser korleis gamle bygningar kan få nytt liv.
– Det er fint at ikkje berre praktbygg, men også uthus og naust blir tekne vare på og er i bruk. Vi har mange naust og håpar på fleire prosjekt som dette, legg kulturminneutviklar Sandvold til.
Les meir: