Unike bygningar og planar på Hoff prestegard
Gjennom meir enn 700 år har kjellaren stått på tunet. Noko beskjeden utanpå, men med eit bogetak inni som nesten gir rommet ein sakral stemning. No ligg bygningen halvveges gøymt bak eit enormt asketre, i skuggen av den flotte prestebustaden frå 1730. Kven som bygde kjellaren og kva som opprinneleg stod oppå veit me ikkje no. Men me veit at den mellom anna har vore brukt som fangehol, og at det var her Herlaug Hudfat sat fanga som følgje av hass leiarskap bak bondeopprøret på Hedmarken tidleg på 1500-talet. Herifrå vart han sendt vidare til Akershus festning der han vart halshogd og hovudet sett på ein påle til skrekk og advarsel.


Utgravingar
Med på synfaringa på Toten var også representantar frå Innlandet fylkeskommune. Fylkeskommunen er også samarbeidspartnar bak utgravinga som startar opp i august. –Me håpar sjølvsagt å finne gjenstandar, det er alltid moro, seier Turid Kolstadløkken som er leiar for prestegardsavdelinga i Allstad. Trond Sundby håpar på at utgravingane kan avdekke kva for hus som har stått oppå kjellaren. – Det er noko uforståeleg med at den opprinnelege inngangen til kjellaren går rett ut i ein bratt skråning. For her har ikkje vore flytta på masser. Eg håpar me finn spor som kan forklare dette nærare.
Korntørke tilbake på plass
Eit steinkast unna kjellaren på tunet, ligg ei korntørke som no er ein av særs få slike som framleis står i Noreg. Og også denne var tett på rast saman. Men bygningen vart plukka saman og sendt til firmaet Stokk og Stein i Lom. Her vart alle råtne delar erstatta med nye og huset sett saman. Så vart det igjen plukka frå kvarandre og frakta til Toten og sett opp der det eigentleg høyrer heime. I kjellaren har ovnen også fått kyndig stell og er no sett saman til slik den var. Her vart det fyrt, røyken steig lgjennom opningar i golvet langs veggane, og varma romma godt før den smaug ut gluggene i gavlane. Slik vart korn, og menneske, varma og tørka. Med berre eit fåtals slike bygg igjen, er det ein viktig kulturhistorisk innsats som me no ser resultatet av på Hoff prestegard.


